Kony 2012
Synst virkli alle burde ta sej tida til å sjå dinna filmen! E virkli verdt dissa 30 minutta det teke.
Synst virkli alle burde ta sej tida til å sjå dinna filmen! E virkli verdt dissa 30 minutta det teke.




















Ditta her e berre del EIN, av heilt sikkart moooonge fleire :) hehe
Det har lava ned med snø det siste døgnet. Det høyrar jo med, det er tross alt vinterferie. Onsdag er det av garde til vinterparadiset, Bjorli. Der skal eg verkeleg kose meg med verdas beste slekt. Det finst ikkje betre måtar å ha ferie på. eg har gleda meg sida det vart snakk om, og no er det nærmar enn nokon gong.

Eg veit innerst inne i meg sjølv, at det ikkje kjem til å bli SÅ mykje ski på meg som eg førestellar meg. berre fordi eg blir lei etter ein einaste tur.. saknar tida då eg faktisk likte å gå på ski. Men forhåpentlegvis blir det fleire skiturar enn ein på meg! Elles så er me heile 17 (?) som skal, altså ein ganske så stor gjeng så det å finne på noko burde ikkje bli noko problem.
Eg håpar også på at eg skal få ta nokon fine bilete på turen, kamerat mitt har ikkje vore brukt sidan julaftan. Og då var det ikkje eg som tok bileta ein gong.. Dette er verkeleg for dårleg. Men eg lovar å legge ut bileta vist det blir nokon bra.

Elles i livet har det vore svært lite nytt. Kjennar på kroppen at det var godt med ferie etter mange travle veker på skulen med mykje prøve og innleveringar og lange dagar. Men no er det snart mars og forhåpentlegvis kjem våren snart sigande på. Er lei av det sværtsværtsvært skiftande været me har hatt dei siste månadane.
Har du planer for ferien? :)
Hej hvor det går! :)
Januar :
Må ærli innrømme ej ikkje huska nåke frå då... Anna enn bursdagselskape na Thomasine, som va veldi kjekt.
Hadde en status på facebook der vennane mine skolle beskrive mej, og nåken ta beskrivelane lyder som følgje : nesten alltid snill å grei, soooooo søt, den beste, dum azzzzz. Heheh, følte mej elska ass :--)

Februar :
Den månden va ej veldi masse i lag med bestevenninda mi Bolla <3 Kosa mej virkli! Det va også tida for å søke linje og skule for ''neste'' år, som vart Studiespesialisering i Volda.
Va en tur til Bjorli med verdas beste slekt også! Koskoskos. En tur som gjenteke sej om ikkje so monge daga!

Mars :
Den store happeningen i mars va Skottland turen med gamle klassa mi. Va der i heile 6 daga, 6 fantastiske daga som ej vil huske veldi veldi lenge.
Hadde også eit sokalla overlevelseskurs ute i snøvhåle med resten ta AUS, som egentli va ganske kjekt ser me vekk frå kulda, vinden, ekkel mat, tongt arbeid og våte klede og ingen do! (ditta va turen oppsumert kort heile turen egentli)

April :
Starta månden i Skottland, som va en hærli tur somsagt! Huska det fyste ej gjor når me landa i Oslo va å ringe til bestejentami! Hadde savna ne for å sei det sånn..
Hong tydlivis veldi masse med dei supre vennane mine i Volda heile våren, det vil sei med Villvill, Bolla og Agnes! Hadde det veldi arti, spesielt å lese om Quak ;)

Mai :
Hadde bursdag som ej feira med moonge kjekke jente og hadde ei super feiring! Må også nemne att ej kjørte for fyste gong på bursdagen min, det gjekk over all forventing! Kjørt mej, Bolla og Pappa en tur rondt bygda faktisk. STOLTE
Va også i konfirmasjonen til ne Mari, som også va en super dag. Feira også ne Camilla med supriseparty som va utruli arti! Blir vel ei stond før ej gløyme den kvelden, haha :)
Kom opp i engelsk skriftli som gjekk sånn passe greitt! Va også på Hødd-AaFK i cupen, en kamp so va vannvitti spennades. Ej og venninda mi va blant dei 20 kanskje som heia på AaFK der, og det gjekk rykte om at hyle mitt va på NRK når AaFK scorte vinnarmåle! Kremtkremt.

Juni :
Huska ditta her so månden der ej avslutta eit kapittel i livet mitt. Tre år på AUS va ferdi, og ej va klar for nye utfordringa. Kom opp i naturfag og stod med glans på eksamen, og avslutta dissa tre åra på skulen, med fine folk.
Hadde besøk ta dei to beste, Bolla og Villvill! Fiska, reid, campa og blablba, gjor masse masse arti :)
'' FOR FØRSTE GONG PÅ ÅÅRHUNDRE KLARTE EJ Å FÅ RÆVA MI OPP AV SOFAEN OG UT Å JOGGE ♥ DEILI ME VA DE!!!!'', sto det i en status frå 8 juni! Huska kor overraska alle vart over at EJ faktisk for å jogga av ega fri vilje, men det he faktisk skjedd :)



Juli :
Midt i månden for ej, mamma og pappa nordover med mål Lofoten. Va på ferie med to andre kjekke familie og hadde nåken supre daga so ej seint liv gløyme. Savna det!



August :
Tida for å starta på vidaregåande kom fortare enn forventa, og ej må innrømme det he gått over alle forventningane. Ej trivst kjempe godt og lika svært ''gjengen'' min. Me falt fort i hop og vart vel dømt frå fyste dag som bråkmakarane. Hehe
Det va også den månden ej fekk igjen kontakta med ei vidunderli jente som ej e sjelegla ej he i live mitt! Silje <3
''Sunniva legge om stemma (til mannjestemme) når ho ska fortellje ka en gut he skreve i ei melding ♥'' - statusen til Villvill en dag.. Det va då fyste gongen me va ilag etter ej ha våre i Lofoten, og ej hadde mykje å fortelje.

September :
Virkakje som det va nåken store hendelsa i september, men va heime på Bjørke i helgene, og hong elles med vennane mine når ej va i Volda! Va tydlivis veldi bad med Villvill på bakerste rad på 114!
Villvill skreiv dikt til mej :
Sunniva, o Sunniva, du er så vakker som ei rose.
Kvar gong eg ser deg, legg eg vekk min spypose.
Ditt hår er så longt og duftar som ein sommardag i august,
når eg ser deg mystar eg min pust.
Di røyst er vakrare enn, Miley Cyrus og Selena Gomez frå disney channel.
Og du er ung, longt ifrå gammel.
Når eg er svolten,
er det du som mettar magen.
No har me time,
men eg høyrar bryllaupsklokka kime.

Oktober :
Haustferien va me i Molde, Bolla fekk vere med. Og det va en superduper tur som ej gjerne teke igjen!
Vaffelhjarte gjekk på TV, og ej lengta veldi masse ut til verdas nest finaste plass etter Bjørke, nemli Runde <3
Og mi i kjæraste Villvill made my day en dag, med å sei : Vist du stryke, då går no ej i minus ej då!!



November :
Då starta ej på 10days, for å få opp motivasjonen til å blogge og inspirasjonen. Nåke som ikkje gjekk so bra.. haha, ej e håpleus!
Va på pylsefest på hi sida ta fjåren me søtaste Ann-Helen og Villvill, superduper kosli dag :) Og elles starta me på forberedelsa til tentamen å sånn!
AaFK vann også finala i cupen 2011!! Kanon. Back in black lizzååm xP Ser forresten det at det meste ej oppdatere på facebook den månden, handla nettopp om AaFK og cupen.. hehe

Desember :
Åh, desember e dessidert en ta dei beste måndane i åre. Juleball, julemat, gåve, julafta, nyttårsafta, julemanna, familie og venna. Alt e berre kos :) Som du sikkert skjønna gjekk desember utpå nettopp ditte! Juleballe va utruli kosli og gøy, gler mej te neste år allereie! Hong spesielt mykje med Villvill dinne månden, og me va i lag 24/7 omtrent!
Desember va ej egentli utruli lykkeli og ha det veldi bra! Såg tilbake på ei veldi bra år, der ej føle ej he våkse utruli masse som person! He lært so masse det siste åre.. Nåke falt naturli og nåke the hard way. Men ka e vel live uten utfordringa og nedtura innimyllå?

''Life is about trusting our feelings and taking chances, loosing and finding happiness, appreciating the memories and learning from the past.''
Hej hvor det går! :)
Eg kunna sagt så mykje om dette året. Eller eigentleg, så kan eg ikkje det. Alt har gått i eitt, og eg veit ikkje kvar dei siste 365 dagane har blitt av. Men ein ting veit eg, og det er at desse 365 dagane har gitt meg mange (mange) minner. Mange gode minner. Og eigentleg svært få vonde. I alle fall færre enn 2010, men forhåpentlegvis fleire enn 2012. For, 2012 skal bli det beste året eg har traska rundt på denne jorda. Det skal bli mitt år.

Eg tvilar sterkt på at det blir laga noko ''2011-året som var'' innlegg med oppsummering av kva eg har gjort dei forskjellege månadane, men eit eller anna 2011 innlegg kjem i tillegg til dette. Det kan eg nesten love. Og vist det ikkje gjer det, bryt det med tradisjonar, og det er noko som ikkje er bra i det heile. Tradisjonar er til for å haldast.
Det nye året feira eg med ei av mine beste veninne, Vilde. Har diverre ikkje noko bilete frå kvelden, men kan love deg at det var ein av dei beste kveldane på leeeenge. (Juleballbilete)

Ein annan ting eg er ganske sikker på, er at eg har dei beste vennane som finnast. Dei har verkleg gjort dette året mykje betre! Eg har til og med klart å fylle opp eit av nyttårsforsetta mine frå i fjor. ''Treffe fleire av mine gamle venna igjen''. Og det kan eg vel sei er ''fullført'' sidan eg no er bestevenn med Silje, som eg ikkje hadde snakka med på mange år, heilt fram til i sumar då alt berre falt på plass. I tillegg går eg i klasse med ei barndomsveninne og to litt ''nyare'' venar eg ikkje har hatt noko kontakt med dei siste åra. Er skikkeleg glad eg har fått tilbake desse jentene i livet mitt. Gjer kvardagen litt lysare! Og for å ikkje gløyme Hellami og Snublis. Alle desse gjer dagane mine så mykje betre uansett kva! Veit det er klisjé, men det er så sant.


Eit anna nyttårsforsett eg hadde i fjor, var å ta fleire bilete, fine bilete. Der må eg seie eg har skuffa. Dei bileta eg er fornøgde med, er vel dei få fine eg tok i Lofoten. Og kanskje nokon litt tidlegare på sumaren. Men that's it. Motivasjon og inspirasjon er to ting eg har hatt lite av i året som gjekk. Ein skulle kanskje tru det gjekk utover skulearbeid, men neidå. Eg fullførte ungdomsskulen med ganske så gode karakterar. Sjølv om eg må innrømme at eg var ganske så skuffa første gong eg såg dei. Hehe.
Men livet har vist meg at karakterar ikkje spelar så stor rolle, så lenge ein er bevist på kva ein gjer, så kjem ein dit ein vil. Ein treng berre styrka til å kjempe seg fram dit ein aller helst vil vere. Eg er redd folk skal sjå på dette som om at eg sippar eller har hatt det tungt, men det har eg ikkje hatt. Eg har berre fått meir innsikt i korleis ting verkar, og eg følar meg sterkare enn nokon gong.
Folk eg trudde eg aldri kom til å snakke med meir, har komt inn i livet mitt og forandra det. Forandra det til det betre. Men somme har eg også mist kontakta mi med, og slik eg ser på det, er det HEILT greitt. I don't need them.
Eg kunna nemnt så mange minner frå 2011, men det blir faktisk for mange. Legg derfor ut nåken ''få'' av bilete eg verkleg er nøgd med.










Til slutt vil eg berre takke til alle som har gjort året 2011 til eit av dei betre. Og elles, ynskje eg alle eit riktig godt nytt år, med nye moglegheiter til å imponere guten du likar eller til å nå eit mål i livet. Nyt det. Ting kan forandre seg så fort.
Korleis har ditt 2011 våre? :)
Hej hvor det går! :)
Av og til elskar eg livet mitt, og av og til hatar eg det. Haha, neidå. Det er ikkje så gale. Eg føler ting går min veg for tida. At livet er på vei opp att, akkurat slik det brukar å vere kvar einaste jul. Det er vel noko med jula.
Det e nåke med jula - Vassendgutane.
Det siste åre har hatt sine nedturar, akkurat som forventa, men det er oppturane som gjer åre verdt å hugse. Det å gjer seg ferdig med ungdomsskule og starte på vidaregåande, var vel det skummlaste. Forlate det gode og trygge livet på AUS, til ei stor og ukjent klasse og ikkje minst skule. Men alt har gått kjempe bra, og eg kan ikkje klage! Eller, alt anna enn karakterane.. Men det snakkar me ikkje om. To av tre tentamenar er allereie unna gjort, dei to verste og takk gud for det. Me har norsk igjen, og det er ei heil veke til. Null stress i joggedress altså.

Men ja, me har altså kom til 3 desember allereie, snøen har alt prestert å både kome og reist fleire gongar. Den fer like fort som den kom. Men likevel kan eg kjenne julestemninga snike seg inn på. Har i heile dag rydda og gjort klart rommet mitt her heime på Bjørke til jul. Rommet i Volda var klart allereie 1 desember. Julemusikken har og rokke å vorte spelt eit par gongar.

I morgon er det andre sundag i desember og tid for å tende det andre lyset i adventslysestaken. Eg angrar litt på att eg droppa juletretenninga førre helg, har liksom bråte ein tradisjon.. Ein ting er sikkert, og det er at eg skal i kyrkja på julafta. Basta bom! Meet me there lizzom.

Eg lovar forresten å kome sterkare tilbake med ''årets'' blant anna. Promise.
- Har du fått julestemning ?
Hej hvor det går! :-)

And so i did.
Hm.. det må vere sundag. Må vel kunne sei at det er grugleding på gong. Men om det ikkje blir seier denne novemberdagen veit eg verkleg ikkje. Greitt nok, det er ikkje verda sin undergang. Men der er pina meg ikkje langt unna. Brann ? AaFK, staden er Ullevaal Stadion. Det er ikkje ein annan plass i verda eg kunne tenkt meg å ha vore akkurat den dagen. Mellom 13.00 til 15.00 ++++. Alt ettersom.. Men det er eg desverre ikkje, men det hindrar meg ikkje. Eg kjem til å heie, sjølv her heime, her ingen kan høre meg.

Nervøs til tusen. Spektisk som aldri før. Tør ikkje ein gang å håpe.
Og alt dette er over om 1 dag og 15 timar, sånn omtrent. Og det endar forhåpentlegvis på denne måten ;

Kven håpar du vinn?
Hej hvor det går! :)
Meininga bak bloggnamnet mitt.. Hm, eigentleg er det ikkje noko meining bak det. Men må innrømme det er litt ironisk. For når eg laga denne bloggen for snart 3 år sidan, kom eg rett og slett ikkje på noko namn og falt til slutt på : sakjeverlett. Den ironiske delen er at det var meininga den skulle heite : skakjeverelett. Har ikkje anna å sei enn : det skakje vere lett ass.

Hej hvor det går! :)